Maten i sentrum

Frå eg var liten gut, og voks opp på kjøkkenbenken, så har mat vore særs viktig for meg. Og frå eg begynte å lage mat, så har eg utforska kva eg kan få til med maten.
Det som eg synes er mest morosamt å gjera, er å lage eit unikt måltid med drikke som høver til, og deretter presentere dette på ein slik måte at måltidet blir ein opplevelse og ikkje berre vomfyll.
Eg har jobba med så mykje ulik mat og drikke, og har erfaring med ulike produsentar i inn og utland, at eg kan få fram både smaken og historien til nye og gammel tradisjon og presentere det på tallerken og i glass.