Om meg

Hos Blåfjelldal er Espen Blåfjelldal

Eg har vokse opp på kjøkkenbenken, og lært å lage og sette pris på god mat frå heimen min i Bagn. No har eg to ungar som lærer dette av meg.
Min fyste sumarjobb var som gardsgut, og etter det har eg stort sett jobba med mat og drikke.

Etter videregåande, studieforberedande fag, så har eg lurt på kva eg skal bli, og saman med dette jobba eg med mat og drikke, som etterkvart tok meg til Oslo og inn i Vinmonpolet og restaurantlivet i Oslo.
Herifrå reiste eg tre år til Australia, der eg fekk meg ei utdanning på eit vinuniversitet, samstundes som eg jobba med produksjon og vinturisme. Når eg kom heim, så begynte eg å jobbe med import og sal. Etterkvart begynte eg for meg sjølv, og starta opp ein serveringsstad, bryggeri og bakeri.

Eg har fått meg god oversikt over all den gode maten i Noreg, og er i dag dommar for det Norske Måltid og den store Eplefesten, samt at eg er leiar i Hanen, som er foreininga for norsk gardsmat og bygdeturisme

%d bloggers like this: